Søk

Museum Vest

Konsert 7. mars kl. 13.00 på Norsjøfartmuseet

Annlaug Børsheim har med seg 4 musikarar når ho vitjar Nordsjøfartmuseet 7. mars 2010.
Annlaug er felespelar, gitarist og songar frå Ulvik i Hardanger. Ho har jobba mykje som freelance- musikar, m.a. med Gabriel Fliflet, og har i fleire år hatt samarbeid med musikarar på andre sida av Nordsjøen. Hennar soloplate ”November” er ei blanding av eigne og tradisjonelle norske songar innspelt i Edinburgh 2009 med skotske så vel som norske musikarar.  Det vert eit vakkert møte mellom folkemusikk og folkpop vi får høyre på Nordsjøfartmuseet søndag 7. mars kl. 13.00, heilt ute ved havet. Vi anbefaler smakebitar på www.myspace.com/annlaug 
Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen