Søk

Museum Vest

Kulturløyper frå Kystmuseet

Ved å bli med på guida turar i ute området får du med deg framhaldet av hovudutstillinga inne. Du får sjå kystlandskapet slik det ser ut i dag. Me har fleire tilrettelagde turar: 

Tur 1: Kollsnes - Herdlevær

Ein guide frå museet tek dykk med ut i kystlandskapet og fortel om kontrasten mellom dagens høgteknologisk gassproduksjon på Kollsnes gassanlegg og energi- og ressursutnyttinga slik ho var i den gamle fiskarbonden sitt hushald.

Turen er tilrettelagd for grupper med buss, og kostar kr 550 per gruppe.

Tur 2: Tjeldstømarka - Gamle Hjelme kyrkje

Denne turen går til Tjeldstømarka nord i kommunen. Der er teigane med torvmyrer og torvhusa av stein. Området er verna som naturreservat med eit svært rikt fugleliv.
Gamle Hjelme kyrkje vart bygd i 1875. Her kan dei som er interesserte få høyra opptak av gamle folketonar frå Øygarden.

Turen er tilrettelagd for grupper med buss, og kostar kr 650 per gruppe.

Tur 3: Toftestallen bølgjekraftverk

Turen startar på Kystmuseet, og filmsyning av ein utferd til Toftestallen på 80 tallet da bølgjekraftverket var i drift. Etter omvising i museets hovedutstilling "Hav og vind - jord og eld", går turen sørover til Turøy. Herfrå tar guider fra Klyva AS dykk med gjennom Nordsjøløypa til ruinane av bølgjekraftverket. Turen går i ulendt terreng, på sti, steinar og klippar. Rappelering og klatring er også mogleg etter ønskje. Utsikta frå klippane er fantastisk. Her vil ein kjenne vér og vind på kroppen.

Turen kostar kr 450 per person fra minimum 10 personar, (kr 250 per person når 20 personer eller fleire).

Tur 4: Havsafari - på jakt etter kulturminne

Turen startar med filmsyning av "Strandhugg på Vestlandet", kor ein får sjå livet langs kysten og korleis folk var avhengig av sjøen. På kaien vart dykk deretter henta av TeamX med rib båtar. Med fart tilpassa gruppe og vèrhøve får dykk sjå kulturminne blant anna knytt til fiske og fangstmetodar. Historiar kring dei ulike kulturminne og hendingar langs kysten vert óg formidla på havsafari turen. 

TeamX har to båtar tilgjengeleg. Pris eksempel for 15 personer (én båt) er kr 250 per person.  

Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen