Museum Vest
Sykkelturar
For dei som ynskjer å utforska naturen og landskapet i eit roleg tempo, er sykkel eit godt val. Den langstrakte, flate øyrekkja som Øygarden består av er bunde saman med 11 bruer og er som skapt for sykkelturar!
Museet leiger ut syklar (kr 60 for halv dag, kr 100 for hel dag), og leiga inkluderer inngang til utstillingane.
Følgjande kulturminne kan du sjå frå sykkelsetet:
• Kvernhus i Kvernepollen
- kverna til fiskarbøndene på Oen
• Torvhus og torvmyrene
- 2000 år med energihushald
• Steinbygde hus på Breivik
- sauefjøs og tørkehus for korn
• Fjæremannshuset på Breivik
• Gamle Hjelme kyrkje og naustmiljø
Me forklarar gjerne vegen.
