Museum Vest
Godbit frå samlingen
Papegøyeskyting
I tredje etasje på Det Hanseatiske Museum finner vi Gesellkleven. Rommet fungerte både som sove- og oppholdsrom for gesellen. Her hadde han seng og skrivepult, i tillegg til at han oppbevarte begravelseslyktene og Kontorets fugl av tre. Denne trefuglen ble satt opp på en høy stang før man skjøt om kapp med armbrøst, og senere med gevær, under det såkalte skivespillet. Vinneren ble utnevnt til fuglekonge og vant premier. Medaljens bakside var derimot at han måtte betale festmåltidet som fulgte etter konkurransen.
I noen kilder kalles fuglen for papegøye, mens den i andre kalles en ørn. Dette kan kanskje ha noe å gjøre med at konkurransesporten var svært utbredt blant menn i flere land og i alle samfunnslag. I Bergen nevnes sporten først i 1490-årene. Skytebanen lå da på et sted de kalte ”Jerusalem”. I senere tid har man funnet ut at dette stedet lå mellom Danckert Krohns Stiftelse og Skivebakken, som har fått sitt navn etter spillet. I 1651 ble imidlertid fuglestangen flyttet til Nordnes.
Arkiv
IDDISER
Norges Fiskerimuseum har ei stor samling etikettar, eller ”iddiser”
som dei vart kalla i Stavanger-området, som tidlegare vart brukt i hermetikkindustrien. Desse etikettane var plassert på hermetikkboksane til sild, brisling, sardiner, makrell, reker og kippers, lagt ned i tomatsaus og ulike oljer. Etikettane har mange flotte motiv med ulike tema, som til dømes norrøne motiv, kongelege personar eller meir passande, fiskarar, og då gjerne den klassiske fiskaren med sin gule sydvest og pipe i munnen. Mange av etikettane representerer litografisk arbeid av svært høg kvalitet, dei vart tidlegare sett på som søppel og kasta, men har i dag høg kulturell verdi og mange motiv er ettertrakta samlarobjekt.
Grensesonebevis
Grensesonebevis frå krigen.
Papiret har tilhøyrt Botilde Selstø som budde på Selstø i Telavåg.
Det er utstedt 11. november 1940 og gav innehavar rett til å ferdast i heile grensesone vest.
Desse bevisa fekk alle som budde i grenseområde slik som på austlandet, der ein kunne ta seg over til Sverige. Eller slik som tilfellet var her ute ved kysten, der dei som flykta frå okkupasjonsmakta reiste over Nordsjøen til Storbritannia
Kjelken
Egyptarane brukte dei til å bygge pyramidane. Me bruker dei til å renne fort ned snødekte bakkar. Kjelkane har blitt brukt til ulike ting i fleire tusen år.
For å frakte steinen som pyramidane skulle byggjast av, brukte egyptarane kjelkar, eller handsledar. Også i Noreg har folk nytta kjelkar dregne med handemakt til transport i lang tid. Kjelkane vart brukte mellom anna til å frakte stein og slakta dyr.
Nett kva tid gleda i å renne på kjelke vart oppdaga er uråd å seie. Men i Europa har truleg både bønder og gruvearbeidarar akt ned snø- og iskledde fjellsider i mange hundre år. Aking som fornøyelse vert likevel knytt først og fremst til tida frå 1800-talet og framover.
Det var på 1880-talet at aking som sport blei organisert i Noreg. Då var det den norske fiskarkjelken ein sat på ned bakkane. Denne kjelken hadde ei lang stang som gjekk bakover, og denne kunne ein styre kjelken med. Seinare, i åra før andre verdskrigen, vart det vanleg med kjelkar som kunne styrast med eit ratt.
I 1905 vart ”Akeforeningen” i Oslo stifta, som den første akeforeininga i landet. Dei arrangerte den første akekonkurransen i 1922. Aking har nok aldri vorte nokon stor idrett i norsk samanheng, men til gjengjeld brukar ein stor del av folket kjelken for moro skuld. Etter eit snøfall i Bergen nyttar både born og vaksne høvet til å ake ned dei 320 høgdemetra frå Fløyen. Gleda i å renne på kjelke har me ikkje gløymt.
Kjelken på biletet blei brukt på garden Blomvågnes. Han blei gjeven til museet av Rolf Svein Rougnø.
