Søk

Museum Vest

Prosjekter

Museum Vest er involvert i en rekke prosjekter. Du finner mer informasjon ved å klikke på lenkene nedenfor.

 

NYE BRUDD

I 2003 vart Nordsjøfartmuseet oppmoda av dåverande ABM-u til å vere med i museumssatsinga Brudd. Brudd bestod av fleire museum som skulle arbeide med prosjekt der ein mellom anna sette fokus på vanskelege, ubehagelege, marginale, udokumenterte og tabubelagte historier. Det har vore eit mål å utvikle ein eigen Brudd-metodikk knytt til desse problemstillingane.

I åra som har gått har Nordsjøfartmuseet fått støtte til tre Bruddprosjekt. «Dei som kom seg unna», var eit dokumentasjonsprosjekt om dei som rømte frå Telavåg før arrestasjonane i 1942. «Kan krigens skadar kompenserast?», var ei utstilling om FN-soldatar. «Barn og Krig. Digitale forteljingar», var eit prosjekt mellom anna om barna frå Telavåg si oppleving av krigshendingane. 


I 2011 vart Nordsjøfartmuseet/Museum Vest, saman med 5 andre museum invitert av Norsk Kulturråd til å halde fram med Brudd-metodikken i Nye Brudd. Musea måtte då forplikte seg til å arbeide med Brudd ut 2014. Målet for Nye Brudd er at deltakarane skal samarbeide og realisere nyskapande prosjekt. I 2012 har dei 6 musea fått støtte frå Kulturrådet til å samarbeide om eit utstillingsarbeid som skal munne ut i seks ulike utstillingar under fellsenemninga «Bruddstykker», med opning i veke 48. Nordsjøfartmuseet/Museum Vest sitt bidrag her er ei utstilling om debatten rundt kven som har vorten haldne ansvarleg for hendingane i Telavåg i 1942, med arbeidstittelen «Telavåg 1942 – eit tysk ansvar?» Det er meininga at utstillinga skal visast på Nordsjøfartmuseet frå februar 2013.

 

TEACMEM 
I Comeniusprosjektet TeacMem samarbeider Nordsjøfartmuseet med kollegaer frå Noreg, Tyskland og Danmark om å utvikle metodar for å undervise om minnekultur.
http://blogs.epb.uni-hamburg.de/teacmem/

 

Fortellinger om kyst-Norge

Fram mot grunnlovsjubileet i 2014 vil det bli utarbeidet flere nasjonale rammefortellinger under overskriften Fortellinger om kyst-Norge. Det er hittil kommet ut 7 hefter i serien.

 

Digitalt fortalt

 

Barn og krig, digitale forteljingar.

Eit undervisningsopplegg med digitale forteljingar frå Telavåg, Holen skole, Somalia og Afganistan. Her kan ein sjå digitale forteljingar og lære korleis ein kan lage digitale forteljingar sjølv. Her finn de fotoarkiv, forslag om litteratur  m.m.

Øygarden på langs

Dette er et reiselivsprosjekt Kystmuseet har drevet fram i 2009/2010 i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Øygarden kommune, Kysteventyret, Tide, BNR og leder av landhandelen på Hernar.

Målet med prosjektet er å tilrettelegge og gjøre synlig Øygardens attraksjoner for turister og besøkende. Vi har foreslått noen rundturer med bruk av offentlig transport (buss, båt), med besøk på Kystmuseet og Hernar. Vedlagt ligger brosjyren som ble brukt under reiselivsmessen i Grieghallen i 2010.
Flyers Øygarden på langs

Vestlandsforteljingar

I Bergen og på øyane i vest kan ein oppleva Vestlandsforteljingar. Forteljingane kan bestillast heile året og forteljaren vil ta deg med i ei historie som gjev deg ei oppleving av kystsamfunnet på ein ny og spanande måte. Nokre av forteljingane kan og framførast på engelsk og somme på tysk.

For å få med deg ei forteljing, må du møta opp i god tid på staden. Der får du kjøpt ein billett hos forteljaren. Om ikkje anna er nemnt, kostar ei Vestlandsforteljing kr. 70,- for vaksne, born  gratis. Dei aktuelle stadane kan du koma til med eigen bil eller båt, eller du kan nytta offentleg transport.

Her er ein smakebit av nokre av dei forteljingane ein kan oppleva i 2012: 

Vestlandsfortellingen: Tørrfisk - matvare med lange tradisjoner
I havet rundt Lofoten i Nord Norge fanges den store torsken som blir hengt på hjell for å bli tørrfisk. Fra februar og utover henges den usaltede fisken til tørk i opptil tre måneder. Tørrfisken får best kvalitet dersom den får den rette behandlingen fra den tas opp av havet til den er ferdig tørket. Rett temperatur og fuktighet i tørketiden er viktig. Når tørrfisken kommer til Bergen blir den vraket. Ein god vraker kan se om alle gode forutsetninger har vært tilstede når fisken skal sorteres i ulike kvaliteter. Opplev fortellingen om tørrfisken på havnen i Bergen. Oppmøteplass er Norges Fiskerimuseum i Sandviksbodene.
 
Kontakt for bestilling: Museum Vest, Norges Fiskerimuseum, tlf 55 699619, e-post: fiskeri@museumvest.no, www.museumvest.no

Vestlandsforteljinga: Havørnsafari - majestetisk møte med vår største rovfugl
Turen startar til fots over snaublåste svaberg og lyngheier. Der skjergarden møter storhavet legg ein til havs, til havørna sitt rike. Havørnsafari i Telavåg er ei oppleving  gjennom eit vilt og fascinerande kystlandskap. Her kan ein få nærkontakt med  glattskura svaberg, ope hav , sprellande fisk og høgrøysta sjøfugl. Målet er nærkontakt med Nord-Europas største rovfugl - havørna. Inkludert i turen er servering av sjømat i det fri, og besøk på gamle kulturminne. Turen vert avslutta med besøk på Nordsjøfartmuseet. Tidsbruk 2 – 3 timar. Varme kler er naudsynt, også  sommarstid. Turen kan tingast på engelsk. Rutebuss (450-459) frå Bergen.

Kontakt for bestilling: Opplevelser Telavåg Tlf: 91170954, 97976209 e. 41611685, e-post: kontakt@havorn.no, www.havornsafari.no

Vestlandsforteljinga: Cornelius - sjømatopplevingar på Holmen
Sjømatrestauranten Cornelius på Holmen ligg i Kobbeleia ved Bjorøy. Her kan du få servert mat av kortreiste råvarer til dømes i form av skaldyr. Eigarane har historiske røter her og har  i tre generasjonar drive med skjeldyrking og fangst. Det var Christian Michelsen som saman med bestefar til ein av eigarane i dag som etablerte verksemda rundt 1880. Eigarane sjølve formidlar historia til staden på ein underhaldande og lærerik måte. Restauranten er kjend utover landegrensene og er eit gastronomisk reisemål.    

Kontakt for bestilling: Cornelius på Holmen, tlf. 56 33 48 80
e-post: booking@cornelius-restaurant.no

Vestlandsforteljinga: Glesvær - eit sildeeventyr   
Handelstaden Glesvær vart oppbygd gjennom fiskeri og sildefangst, som har endra seg frå fiske i færing  til ringnotsnurping. Det er ei vandring i historia og utviklinga  av staden. Du får høyra om fiskarbonden som vart handelsmann,  og om endringar på staden gjennom tidene  frå handel og bakeri til kafé olé. Dei som vil, kan også få ein smakebit av historia på kafeen etterpå. Rutebuss (450-459) frå Bergen. Turen kan tingast på engelsk og tysk.

Kontakt for bestilling: Arne og Ruth Bakke, tlf 56338471 mob 915 61 948 e-postl: arne-bak@online.no          

Vestlandsforteljinga: Fedje - Landsbyen i havet
På Fedje fins det spor etter busetnad 3000 år tilbake i tid. På denne vandringa vil me ta deg med tilbake i historia og fram til i dag. Me vil til dømes snakka om losvesenet, fiskeri, fyrvesen, kvalfangst og om korleis dette små samfunnet ytterst i havgapet har forma seg med åra. Namnet Fedje betyr gjerde eller stengsel, og det forsår ein når ein ser at øya ligg som eit stengsel for storhavet og beskyttar farvatnet innanfor. I tidlegare tider var hamna ein viktig plass for fraktefartøy og fiskebåtar. På denne vandringa får ein eit godt innblikk i korleis folk har levd og korleis dei lever her ute. Fedje Kyrkje kneisar på høgaste haug, og her får me sjå den flotte altertavla som er laga av ein tidlegare fyrvoktar på Hellisøy Fyr. Forteljinga foregår for det meste ute. Tidsbruk 60 min. Oppmøte på Fedje Ferjekai.
 
Kontakt for bestilling: Fedje Turistkontor, tlf 48 485363, e-post: info@visitfedje.no, www.visitfedje.no

Vestlandsforteljing: Russarfangane - krigsfangar til festningsarbeid
Oppmøte på Gjerdet Kulturminnegard sør på Fjell gard.
Fjell gard vart dagleg påverka av den store byggjeaktiviteten som den tyske okkupasjonsmakta hadde på Fjell festning. Arbeidskrafta var sovjetiske krigsfangar. Folk på Fjell gard hadde medynk dei utslitne og hundsa fangane, og hjelpte dei med mat og klede. Krigsfangane sjølve gjorde det dei kunne for å sabotere anleggsarbeida. Forteljinga kan tingast på engelsk. Rutebuss (450-459) frå Bergen.
 
Kontaktinformasjon Museum Vest Fjell Festning Tlf: 56335454 e-post: fjell@museumvest.no, www.museumvest.no


Faste Vestlandsforteljingar på norsk i sommarsesongen 08.juli til 15.august 2012:

Tirsdagar kl. 11  Ovågen - tett på vågen
Oppmøte på Kystmuseet i Øygarden.
Med museet som utgangspunkt,  tek vi deg med på ei vandring kring den innarste delen av vågen. Her finn vi 10 000 år med natur- og kulturhistorie. Med utgangspunkt i fiskarbonden sitt heimefiske, vev vi ei historie med tema som spenner frå geologi til nyare tids kulturhistorie. Forteljinga føregår for det meste ute. Tidsbruk 45 min. 

Kontaktinformasjon  Museum Vest Kystmuseet i Øygarden Tlf: 56385050, e-post: kystmuseet@museumvest.no


Onsdagar kl. 13  Selstøbuene - frå notbu til hytteparadis
Oppmøte  på Nordsjøfartmuseet i Telavåg
Frå museet  går turen i Nordsjøløypa til Selstøbuene. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Selstøbuene ligg ytst ved havet. Dei vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Folk budde i desse buene både under og etter krigen. På slutten av 1950-talet leigde byfolk staden i over 20 år. På denne turen får du innblikk i fiske før i tida, terrorhandlinga i Telavåg  i 1942 og etterkrigstida. Forteljinga føregår ute, og ein må gå 1 km. i terrenget for å koma til  Selstøbuene. Terrenget kan vera vått og tidsbruk er  1,5 t.  Rutebuss (450-459) frå Bergen.

Kontaktinformasjon: Museum Vest Nordsjøfartmuseet i Telavåg  Tlf:  56327440, e-post: nordsjofart@museumvest.no

Torsdagar kl. 17  Hjelme gamle kyrkje - den første kyrkja i Øygarden
Oppmøte ved Hjelme gamle kyrkje i Øygarden
Innbyggjarane i Hjelme sokn hadde ei strevsam kyrkjereis i robåt over Hjeltefjorden til Hordabø eller Manger. Etter søknad frå 70 bønder i soknet vart det  etterkvart gjort vedtak i Manger kommune om å byggja første kyrkja i Øygarden, og i 1875 vart Hjelme kyrkje vigsla. I Hjelme gamle kyrkje får vi historien om fiskarbøndene sin innsats for å få reist kyrkja, om kyrkjereiser i båt og til fots og om tradisjonar kring kyrkjelege handlingar. Også tonar frå den lokale salmesangtradisjonen vil verta å høyra i denne forteljinga. Tidsbruk: 45 min.  Rutebuss til Sæle/Hjelme kryss (470-479) frå Bergen.

Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf:  92625391 e-post adr: egilas@online.no


Fredagar kl.15.45  Hernar -  ein utpost til Nordsjøen
Oppmøte på Rutebåtkaien på Hellesøy i Øygarden
Øya Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsel til Vesterhavsøyane i norrøn tid og ein viktig handels- og gjestgjevarstad dei siste hundreåra. Under turen frå sundet der vikingskipa la ut, og opp til vollen med bautasteinar, får du høyra om bragdene til lendmannen Aslak av Hernar, om dramatiske hendingar i kapertida og om nordsjøfarten frå ”Englandskaien” under den andre verdskrigen.
Til Hernar kan ein koma med rutebåt frå Hellesøy i Øygarden. Tidsbruk 1 time.   Rutebuss til Hellesøy (470-479) frå Bergen.

Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf:  92625391 e-post adr: egilas@online.no

Laurdagar kl 14.30 Adnestova - heimen til fiskarbonden
Oppmøte Adnestova på Sæle i Øygarden.
Adnestova er den einaste stova som står att etter eit gammalt klyngetun som hadde over 20 bygningar fram til utskiftinga i 1863. Livsvilkåra for fiskarbonden og fellesskapeni tunet er tema for besøket i denne stova, som har stått i over 300 år på Nordre Sæle. Bygningen er halden i stand slik han stod då familien flytta inn i nytt våningshus i 1927. Etter forteljinga er det høve til å vandre i den blomstrande kysthagen på Skredberget med utsyn over
Nordsjøen. Tidsbruk: 1 time. Rutebuss til Sæle kryss (470-479) frå Bergen.

Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf:  92625391 e-post adr: egilas@online.no

 

  

 

 

 

 


 

Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen