Museum Vest
Herdla museum
Herdla museum finn du på øya Herdla heilt nord i Askøy. Museet ligg sentralt til ved Herdlevågen og er det naturlege utgangspunktet for den som vil bli kjent med ei spesiell øy. Museet presenterer både natur- og kulturhistoriske emne.
Eit hovudtema er Herdla under 2. verdskrigen då det var tysk flybase på øya. I utstillingane blir det vist modellar av både fly, flyplass og forsvarsanlegg, forutan mange gjenstandar frå krigens dagar.
Museet har også ei utstilling om korleis landskapet på Herdla blei forma då isen smelta etter siste istid. Dette landskapet, kjenneteikna av flatar, strender og gruntvassområde er grunnlaget for det rike fuglelivet på øya. I utstillinga finst informasjon om mange av dei artane som er typiske for Herdla. Det vert også vist skiftande utstillingar i ei restaurert tyskarbrakke som ligg i museumsparken.
Opningstider
1. mars - 31. mai: søndagar kl. 12-17.
1. juni – 14. august: alle dagar kl. 12-17.
15. august - 31. oktober: søndagar kl.12-17.
Elles etter avtale.
Entré
Guidet tur Torpedobatteriet søndag kl. 13 og 15 - kr. 80,- vaksen
Herdla museum + "Gul 16"-utstillinga:
Vaksne: kr. 50,-
Barn: gratis
Grupper over 20 personar: kr. 40,- per person.
Grunnskuleelevar som følgjer pedagogisk opplegg: kr. 20,- per elev.
Kjøp Museum Vest-billett!
For kun kr. 100,- kjem du inn på alle seks musea i løpet av ein sesong!
Gjeld for enkeltbesøkjande - ikkje grupper.
Kontaktinformasjon
Besøksadresse:
5315 Herdla
Telefon:
56 14 51 50
E-post:
herdla@museumvest.no
Se ellers under KONTAKT OSS for ansatte.
