Museum Vest
Opningstider / prisar / bestilling
Opningstider
September-april: søndager kl 11–16
Mai–august: laurdager og søndager kl 11-16
Elles på bestilling (fjell@museumvest.no)
Omvisning
Vi tilbyr omvisning kvar heile time: kl. 11, 12, 13, 14 og 15.
Ein omvisning tar ca. 1 time og det er plass til maks. 15 personar per omvisning.
Billettprisar på museet
Besøk på museet består av tilgang til utstillingane i Kanonbrønnen og ein times omvisning i festningsanlegget med guide, eller berre tilgang til utstillingane i Kanonbrønnen.
|
| Vaksne | Barn (0-15 år, kun i følgje med vaksne) | Skoleprisar (per elev/lærar) | Grupper (per person) |
| Omvisning (inkl. Kanonbrønnen) | 80 | gratis | 40 | 80* |
| Kanonbrønnen/utstilling | 40 | gratis |
| 40* |
*Minimumspris utanom opningstidene for inndekking av utgifter til guide: kr. 800,- (tilsv. 10 personar)
Dersom grupper ønskjer å ha lunsjpause i Kanontårnet i kombinasjon med besøk på museet, må lokalet leigast. (Sjå prisar for leiga av Kanontårnet).
Billettprisar for «Vandring på Russarstegen»
«Vandring på Russarstegen» er eit ekstratilbod for besøkjande på museet. Vandringa går frå Gjerdet gard nede i bygda til Kanontårnet, eller evt. motsatt veg. Guiden fortel om dei sovjetiske krigsfangane på Fjell festning under krigen. Vandringa er i underkant av 1 km lang, i bratt lende. Turen tek ca 30 minutt oppover, ca 15 minutt nedover. «Vandring på Russarstegen» er avhengig av vêret.
Pris: kr 70,-
Barn 0-15 år: gratis (kun i følgje med vaksne)
Skulepris: kr 45,- per elev/lærar
Pris for grupper: kr 70 per person
Minimumspris utanom opningstidene for inndekking av utgifter til guide: kr 700,- (tilsv. 10 personar)
Bestilling
• Bestilling av omvisning på museet må skje skriftleg til fjell@museumvest.no per e-post i god tid før arrangementet startar.
• Det blir fakturert som bestilt for omvisning, dersom voucher (med antal personar i gruppa) ikkje blir levert til guide.
• Dersom antal personar er 8–10 mindre enn skriftleg bestilt, blir det fakturert 800 kr ekstra i guidegebyr.
• Dersom gruppa kjem meir enn 30 minutt for seint, blir det fakturert 800 kr ekstra i guidegebyr.
• Dersom gruppa er større enn avtalt blir det fakturert vanleg billettpris på kr. 80 for kvar person over bestilt antal.
• Bestilling er bindande, evt. vederlagsfri avbestilling må skje skriftleg til fjell@museumvest.no innan ei veke før arrangementet.
• I tilfelle der leigar ikkje møter som avtalt, blir det fakturert eit minimumsbeløp på kr. 600 for dekkja inn kostnad av guide.
• Bruk av Kanontårnet baserer seg på at gjestane ryddar sjølv. Dersom Museum Vest tar ansvar for rydding etter avtale eller fordi gruppa sjølv ikkje har rydda, påløper eit reinhaldsgebyr på 600 kr.
Kjøp Museum Vest-billett!
For kun kr. 100,- kjem du inn på alle seks musea i løpet av ein sesong!
Gjeld for enkeltbesøkjande – ikkje grupper.
