Søk

Museum Vest

Fjell festning

Fjell festning ligg på øya Sotra vest for Bergen. Festningsanlegget blei bygd av den tyske okkupasjonsmakta med det føremålet å sikre innseglinga til Bergen. Arbeidet starta i 1942 og pågjekk heilt til den tyske kapitulasjonen i 1945. Fjell festningen var ein del av den ”Atlanterhavsvollen” – den tyske festningslina som gjekk langs heile Atlanterhavskysten frå Nordishavet til Pyreneane. Etter 2. verdskrigen tok det norske forsvaret over Fjell festning. I første omgang som ein del av Kystartilleriet, sidan blei anlegget nytta som radarstasjon.

Forsvaret la ned si verksemd i 2004, same året vedtok Riksantikvaren å freda Fjell festning som eit militært kulturminne. Sidan denne tid er utført mykje arbeid for å sikra anlegget og gjera det tilgjengeleg for publikum. M.a er det reist eit vernebygg over kanonbrønnen som fungerer som kafe/forsamlingslokale.

Frå 1. januar 2008 er Fjell festning del av Museum Vest.

Virtuell tur på Fjell festning

Bergens Tidende har laget en multimedia-visning av Fjell festning.

Klikk deg inn og ta en kikk!

http://www.bt.no/multimedia/panorama/article986242.ece#/24,110

Opningstider:

Mai - august: laurdag og søndag kl. 11 - 16.

Omvisning vekedagar etter avtale (tlf. 56 33 54 54/917 35 095).
Pga ferieavvikling kan vi ikkje ta imot bestillingar på omvisning i juli månad.

Pris: 60 kr
Barn 0 - 16 år gratis.
Skulepris: 30 kr per elev/ lærar.

Tilkomst:

Det er ca. ein halv times kjøring frå Bergen til Fjell festning. Kjør forbi kommunesenteret Straume, og til venstre i rundkjøringa etter Kolltveit-tunellen, kjør ca. 2 km forbi Fjell kyrkje til Nedre Parkeringsplass merkt «Fjell festning». Frå Nedre Parkeringsplass til Øvre Parkeringsplass ved museet, er det ca. 3 km.

Kjøp Museum Vest-billett!
For kun kr. 100,- kjem du inn på alle seks musea i løpet av ein sesong!
Gjeld for enkeltbesøkjande - ikkje grupper.

Leiga Kanontårnet på Fjell festning?

Seminar/teambuilding/jubileum/private lag

Førsesetnadene for utleige er at det er vanleg drift (omvisning kl. 11–16) i festninga kvar laurdag og søndag frå 1. mai til 29. august 2010. (Kanontårnet ikkje kan leigast i opningstida.)

Vilkåra elles for å leiga Kanontårnet (bygningen over kanonbrønnen) er at det ikkje blir nytt alkohol og at ein person (vaksmeister) frå Museum Vest er til stades og tilgjengeleg på festningsområdet.

Det kostar 1000 kroner å leiga bygget i ein time, 2000 i to timar, og 600 kroner i tillegg for kvar time utover dette. (Prisane gjeld berre leige av Kanontårnet. Omvisning i anlegget er ikkje inkludert. Evt. omvisning kostar 60 kroner per person.)
Parkeringsplassane kan nyttast vederlagsfritt.
Toaletta vil bli låst opp til bruk under arrangement.

Kanontårnet har innlagt straum og vatn. De finst noko tjerald og bestikk. Det finst to komfyrar, vaskemaskin, kaffetraktar og tv-kanner som kan nyttast.

Lokalet har 36 stolar og 9 bord. (Nokre ekstra stolar kan skaffast, men lokalet tar maksimum 50 personar.)

Nytt frå februar 2010: Audiovideoutstyr (videokanon m/lerret) til bruk ved seminar/føredrag.

Bestilling av leige må skje skriftleg per e-post. Hugs å nemna klokkeslett for leige! Bestilling er bindande, evt. vederlagsfri avbestilling må skje innan ei veke før arrangementet.

I tilfelle der leigar ikkje møter som avtalt, blir det fakturert eit minimumsbeløp på 420 kroner for dekkja inn kostnad av vaktmeisterteneste.

Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen