Søk

Museum Vest

Nordsjøfartmuseet

Nordsjøfartmuseet ligg i Telavåg på øya Sotra vest for Bergen. Under 2. verdskrigen var Telavåg eit av knutepunkta i Nordsjøfarten – den illegale båttrafikken mellom Noreg og Storbritannia.

26. april 1942 blei to tyske offiserar skotne av norske agentar i Telavåg. Tyskarane reagerte på dette ved å utsetja bygdefolket for alvorlege represaliar. Alle vaksne menn blei sendte til tyske konsentrasjonsleirar, medan kvinner og born blei internerte på Framnes i Hardanger. Vidare sprengde tyskarane alle hus og andre byggverk slik at bygda vart heilt utsletta.

Nordsjøfartmuseet si hovudutstilling omhandlar Telavågtragedien. Museet har også utstillingar om Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen, ein sentral person i denne trafikken. Vidare vert det vist skiftande utstillingar, som regel med krig/menneskerettar som tema. Museet har kafé og butikk. Nordsjøfartmuseet er eit godt utgangspunkt for turar i Nordsjøløypa.

Opningstider

September – april: søndagar kl. 12–17 
Mai - august: måndag - laurdag kl. 11-16, søndagar kl. 12-17.
Elles etter avtale.

Entré

Vaksne: kr. 50,-
Born: gratis

Grunnskuleelevar som følgjer pedagogisk opplegg: kr. 30,- per elev.
Grupper over 20 personar: kr. 30,- per person.

Kjøp Museum Vest-billett!
For kun kr. 100,- kjem du inn på alle seks musea i løpet av ein sesong!
Gjeld for enkeltbesøkjande - ikkje grupper.

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse:
5380 Telavåg

Telefon:
56 32 74 40

E-post:
nordsjofartmuseet@museumvest.no



Foto: Pål Hoff (hus) og Norges Hjemmefrontmuseum (skøyte)

 

Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen