Historikk

Museenes forhistorie før Museum Vest

Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene

Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene Det Hanseatiske Museum ble stiftet i 1872, og sies å ha åpningsdag 26. juli da Kong Oscar II besøkte byen og museet. Stifter var Johan W. Olsen, kjøpmann og nordlandshandler. Grunnstammen i museet var Finnegårdens sjøstue, som han eide selv. Finnegården ble bygget opp like etter den store bybrannen i 1702. Denne stuen var allerede da en av de best bevarte stuene på Bryggen med blant annet mye av den gamle veggfaste innredningen i behold. Inventaret var en blanding av 1700-talls og tidlig 1800-talls gjenstander.

Da Olsen døde, overtok sønnen Christian Koren Wiberg administrasjonen av museet til det ble kjøpt av Bergen kommune i 1916. Koren Wiberg ble museets første direktør. Han utførte et stort arbeid for å gjøre museet funksjonsdyktig og populært.

Dramshusens schøtstue ble lagret på Bergens Museum fra 1880-årene, og i 1917 ble Bredsgårdens schøtstue gitt til Bergen kommune. I 1937-38 virkeliggjorde man gjenreisingen av disse schøtstuene, sammen med byggingen av Svensgårdens schøtstue (kopi) og Jakobsfjorden og Bellgårdens schøtstuene (rekonstruksjon).

I 1979 kom Finnegården med på UNESCOs verdensarvliste, sammen med resten av de eldste bygningene på Bryggen.

Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene har vært drevet av Bergen kommune helt frem til 2005, da museumsdriften gikk inn i Stiftelsen Museum Vest. Bygninger og samlingen er fortsatt i kommunalt eie.

Norges Fiskerimuseum

Norges Fiskerimuseum er landets eldste næringshistoriske museum, etablert i 1880-82 av Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme (1879-). Selskapet ble opprettet for å utvikle og modernisere fiskerinæringen, og drev med statsstøtte et bredt anlagt utviklingsarbeid. Innsamling og spredning av informasjon til næringsutøverne var en viktig oppgave gjennom utgivelse av pamfletter, bøker og særlig gjennom publikasjonen Norsk Fiskeritidende, næringens første fagtidsskrift.

Fiskerimuseet ble åpnet for publikum 28.mai 1882 i kommunale lokaler på loftet i ”Kjøttbasaren”, og flyttet videre til den nybygde ”Permanente Utstillingsbygning” hvor det ble værende til 1991, da det ble flyttet videre til Bontelabo, med åpning av utstilling i 1992. Museets ledelse begynte allerede i 1973 å arbeide for å finne større og bedre egnede lokaler, og siden både Akvariet og Havforskningsinstituttet hadde fått sine nybygg på Nordnes på 1960-tallet, ble det gjort forsøk på å få lagt også Fiskerimuseet dit. Prosjektet var gjennomarbeidet og kostbart, men ble likevel skrinlagt.

På Bontelabo var magasinplassen i utgangspunktet alt for liten, og ekstralokaler på Skolten og i Arna måtte til for å få plass til samlingene. I 2000 vedtok Bergen bystyre starte ny byggesak i Sandviksboder 15-24 for å etablere Norges Fiskerimuseum der, og  disse bodene utgjør sammen med noen privateide boder i nabolaget det største sammenhengende og best bevarte miljø av sjørettede trepakkhus i den bodrekken som ca. 1900 strakk seg fra Rothaugen til Gamle Bergen.

Nordsjøfartmuseet Under andre verdskrigen blei bygda Telavåg utsletta av den tyske okkupasjonsmakta og alle innbyggjarane blei evakuerte. Mennene blei sende til tyske konsentrasjonsleirar der 31 døydde, medan kvinnene, borna og dei eldre blei internerte i Noreg.

Telavåg var såleis den bygda i Norge som blei hardast ramma av den tyske okkupasjonsmakta. Likevel fekk ikkje denne dramatiske krigshistoria mykje merksemd før om lag 40 år etter krigen. Historia til Nordsjøfartmuseet er heller ikkje meir enn rundt 20 år gamal. 

I 1988 opna ei krigsminnesamling i eit naust i Telavåg. Denne var eit kommunalt initiativ, men mykje av innsamlings- og utstillingsarbeidet blei gjort av lokale krefter i Telavåg. Besøkstala på krigsminnesamlinga var såpass høge at Sund kommune og Hordaland fylkeskommune allereie året etter opninga sette i gang eit utgreiingsarbeid for å få opna eit museum i Telavåg.

I april 1998 opna Nordsjøfartmuseet. Krigsminnesamlinga fokuserte i størst grad på krigstragedien i Telavåg sett frå ein lokal synsvinkel, men med Nordsjøfartmuseet blei perspektivet utvida. Krigshendingane i Telavåg blei med dette sett inn i ein større samanheng, både i høve til den andre verdskrigen generelt og i høve til samtidige konfliktar verda over. Som namnet skulle tilseie sette også Nordsjøfartmuseet fokus på Nordsjøfarten, den illegale trafikken mellom Norge og Storbritannia under andre verdskrigen. 

Herdla museum

Herdla Museum blei opna i samband med frigjeringsjubileet den 8. mai 1995. I forkant var det gjort eit stort arbeid med å opparbeida høvelege lokale. Utgangspunktet var eit eldre bustadhus som fekk eit nytt påbygg. Også utstillingane, som hadde hovudfokus på Herdla si krigshistorie, blei bygde opp frå grunnen av. Sentral i arbeidet var Gunnar Jensen som på dette tidspunktet var øvstkommanderande på Herdla fort. Vidare ytte medlemmene i Herdla sogelag ein stor innsats. Elles var økonomisk stønad frå Askøy kommune ein føresetnad for at museet kunne etablerast. Kommunen har også representert grunnlaget for den vidare drifta.

Sidan oppstarten har museet utvida fokuset sitt slik at utstillingane no også tek for seg andre sider ved Herdla enn krigshistoria. Her kan nemnast tema som fugleliv, geologi og gardshistorie. I 1999 blei museet utvida ved at ei tyskarbrakke blei flytta til museumsparken. I kjellaren blei det laga til magasin, lager og kjøken. Den siste utvidinga av verksemda kom i 2007 då vraket av eit tysk jagarfly, opphaveleg stasjonert på Herdla, blei deponert på museet.

Kystmuseet i Øygarden

Kystmuseet i Øygarden vart offisielt opna 15 juni 1996. Øygarden kommune fekk 5 millionar kroner øyremerka til museumsbygg frå Trollprosjektet. Gåva var ein konsekvens av dei store endringane som industriutbyggingane i kommunen førte med seg. Trollprosjektet, Norsk Kulturråd, Hordaland fylkeskommune og Øygarden kommune finansierte bygget. Øygarden kommune har vore og er ein særs viktig bidragsytar og støttespelar for museet. Kystmuseet vart bygd som eit regionalt museum for å formidla og dokumentera kystkultur. Sidan opninga har museet hatt fokus på kysten si ressurs- og energihistorie. Kystmuseet har fått i gåve frå Otto Breivik eit eldre steinsauefjøs og eit tørkehus for korn. I tillegg fekk museet ei 1700-tals sjøbu som ligg i Breivikssundet. I 2003 vart Saltebua på kaien kjøpt til museumsformål. Her fekk handverkaren på museet verkstad. Museet hadde og ei utstilling av båtar her. Museet har bygd opp ei båt- og gjenstandssamling. Kystmuseet er eit økomuseum og har ansvar for og eig til saman 14 bygg. Museet har og gjennom åra bygd opp ein «steinalderbuplass» til formidling. I 2005 vart Kystmuseet i Øygarden kommunen sin tusenårsstad. Kommunen og næringslivet i regionen har gjeve støtte til å byggja amfiet og scena/kai som gjorde museet i stand til å arrangera større konsertar.