Museum Vest ønskjer å visa støtte til det ukrainske folk og tilbyr ukrainske flyktningar gratis inngang på alle dei åtte musea i Museum Vest.
Ukrainske pass og ID-kort kan nyttast som inngangsbillett. Ordninga gjeld frå og med lørdag 26. mars og inntil vidare.
Direktør Øyvind Stang fortel:
- Det er vår måte å ønskje dei velkommen.
Museum Vest består av Bergens Sjøfartsmuseum, Bjørn West Museet, Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene, Herdla Museum, Fjell Festning, Kystmuseet i Øygarden, Nordsjøfartmuseet og Norges Fiskerimuseum.
Støtteerklæringar
Stiftinga Museum Vest står og bak støtteerklæringa til Norges Museumsforbund «Beskytt kulturminnene i Ukraina!» og ICOM, International Council of Museums utsegn om Russlands invasjon av Ukraina.
#StandWithUkraine #NOMuseums4Ukraine
Okkupasjon, krig og menneskerettar som tema
Fire av musea i stiftinga Museum Vest har okkupasjon, krig og menneskerettar som tema. Dei vil visa nye generasjonar kor viktig det er å stå opp for demokrati, menneskeverd og menneskerettar.
- Ved å inspirere til refleksjon om fortida, ønskjer vi å gjere samtida meir forståeleg og byggje eit felles verdigrunnlag for framtida, seier Øyvind Stang.
Fjell festning på Sotra, er blant dei største enkeltståande festningsanlegga i Europa frå den andre verdskrigen, bygga av okkupasjonsmakta og russiske krigsfangar. Sjølve museet ligg fjorten meter ned i djupe kanonbrønnen i det spektakulære underjordiske festningsanlegget. Det blei nytta sovjetiske krigsfangar under bygginga av festninga i perioden 1942 - 1945. Mange av dei som leid og strevde her i denne tida hadde heimen sin i dagens Ukraina. Ope lørdagar og søndagar kl. 11-16.
Herdla Museum ligg på Herdla Fort ytst på Askøy. Her finn du rester etter det topphemmelege forsvarsanlegget og Herdla torpedobatteri som blei etablert av den tyske okkupasjonsmakta og overteke av det norske forsvaret etter krigen. Du finn og vraket av Gul-16, eit tysk jagarfly som styrta i sjøen i 1943. Utstillinga «En dag i historien»; portrett av overlevande frå Utøya ved fotograf Andrea Gjestvang. Ope søndagar kl. 12-17.
På Nordsjøfartmuseet i Telavåg får du innblikk i dei sterke historiene om motstandskampen ved kysten og terroren som utsletta Telavåg under andre verdskrigen. Ope søndagar kl. 12-17.
Bjørn West Museet har namnet sitt etter den norske motstandsgruppa som heldt til i Matrefjella dei siste seks månadene av andre verdskrigen. Museet fortel historia om dei 259 soldatane, også kalla «dei kvite englane», som på kort tid bygde opp ein slagkraftig militærbase. Ope etter avtale.
Dei andre musea i stiftinga står og samen om støtta til Ukraina:
Kystmuseet i Øygarden – Kystkultur frå steinalder til oljealder. Livet ved havet i fokus og korleis livet er og har vore langs kysten. Ope kvar onsdag 12-15, elles etter avtale.
Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene let deg utforska alle sider av livet til hanseatane – frå det unike handelsnettverket til kvardagslivet på Bryggen. Ope dagleg 11-15 med omvisingar lørdagar og søndagar kl.12 på norsk, kl.13 på engelsk og kl.14 for barnefamiliar.
På Norges Fiskerimuseum kan du oppleva interaktive og leikne utstillingar og aktivitetar. Her kan heile familien ta eit dykk ned i forteljingar om fiskeri- og fangsttradisjonar i kyst- og havlandet Noreg og fiskeriket vårt hav. Robåtutleige. Nyt kortreist mat og god drikke til Bergens finaste utsikt på museumskafeen Bod24. Ope kvar dag kl. 11-15.
På Bergens Sjøfartsmuseum kan du bli med på ein interessant vandring som fortel om Noregs forhold til havet gjennom hundrevis av år – det heile riktet illustrert med flotte modellar, båtar i full storleik, arkeologiske funn og spennande gjenstandar. Barna kan utforska skipsdekket, gå i det gamle styrhuset til "Statsraad Lehmkuhl", kikka inn i ein ekte kanon, bli med på skattejakt, sjå film og mykje meir. Ope kvar dag kl. 11-15.