Ny leiar på Kystmuseet i Øygarden

Kulturvitar og tidlegare kultursjef i Fjell kommune, Lennart Fjell, tiltrer i stillinga som leier for Kystmuseet i Øygarden 1. juni.

Bjørg Christophersen har leia Kystmuseet i Øygarden sidan det blei starta i 1993 og går av med pensjon i sommar.

 - Eg er glad for å kunne overlate roret til ein som kjenner oss og kultursektoren og som brenn for kystkulturen. Då kan eg gå av med pensjon og vite at museet er i gode hender, seier Bjørg. 

Tilbake til Kystmuseet i Øygarden

Lennart Fjell har faktisk jobba på Kystmuseet før, for om lag tjue år sidan, då som guide. Han hugsar godt Bjørg sine framtidsvyar for museet og han fekk etterpå sjå at dei blei realiserte. Han er imponert over den utviklinga Bjørg har fått til og det blir ikkje lett å skulle ‘hoppe etter Wirkola’.

 - Ho har laga ein god plattform, saman med de tilsette, som eg gler meg til å forvalte vidare.

Engasjement er viktig for Lennart Fjell og han blir alltid veldig involvert i det han blir involvert i. Mest av alt er han oppteken av dei tilsette, at dei har det bra og får utvikla seg. Det viktigaste framover blir å bli godt kjend med dei og så skal dei bli kjende med han, før han set i gong med handlingsplanar og prosjekt.

Framtidsorientert kulturvitar

Lennart Fjell er utdanna kulturvitar ved Universitetet i Bergen og hovudfagoppgåva om Torgdagar og strileidentitet vart ferdig i 2003. Han byrja på en doktorgrad om festivalisering, men braut denne då han ble tilbudd jobben som kultursjef i tidlegare Fjell kommune. Det har han ikkje angra på. Det var ein ekstremt variert jobb og han tar med seg mykje vidare inn i Museum Vest.

 - Det kjem godt med å ha kjennskapen til korleis ting fungerer i kulturlivet og ikkje minst nettverket for å kunne vidareutvikla Kystmuseet i framtida.

Sjølv om han har fått allsidig erfaring i det Steinar Nesse kalla kommuneskolen; administrasjon og søknadsskriving, så trekk han særleg fram futurisme, scenariotenking og digitalisering av kulturfeltet. Han likar godt å snu utfordringar til fordelar, sjå forbetringspotensiale, moglegheiter og jobbe fram løysingar i prosessar og prosjekt.

Engasjert stril

Lennart Fjell er dagleg leiar i stiftinga Framtidshavet som han starta saman med Kenneth Bruvik. Dette er eit engasjement han tar med seg vidare, men då som styremedlem.

 - Eg er oppteken av kysten og havet som ressurs og det grøne skiftet. Satsinga Taremare er ein av mange grunnar til at jobben som leiar på Kystmuseet er så interessant. Å få lov å vidareutvikla og kople teknologi, historie og berekraft.

Han seier det klør i fingrane og han gler seg til å jobbe i Museum Vest.