Guidekurs i Øygarden

Vil du bli Øygardskjennar i Øygarden kommune? Det er guiden som utgjer den store skilnaden på turen. I vår kan du delta på guidekurs og bli sertifisert som «Øygardskjennar» gjennom Museum vest og Øygarden kommune.

I løpet av kurset skal vi innom mange spennande tema, med kunnskapsrike føredragshaldarar. Ta djupdykk i tema som kystkultur, krigshistorie, geologi, arkeologi og fugleliv. Lær om Øygarden sin unike kultur og historie gjennom skikkar, tradisjon og kulturminner. Formidling er viktig, i kurset er det difor lagt opp til 3 timar med forteljarteknikk.

Kurset er arrangert i samarbeid mellom Øygarden kommune og Museum Vest. Sjå nettsida til prosjektet for påmelding: Opplev Øygarden - guidekurs

Innhald | Dato | Tid

Kursoppstart 15. april.
Det blir servert kaffi og te på kurset, og noko lett å bite i. Ta med matpakke om ynskjeleg.  
Hugs gode sko og klede til feltturen 20. mai og turen 27. mai.

Alle som deltek på kurset blir sertifisert Øygardskjennar. 

Føredraga varer omlag 45 minutt til 1 time. Det vil vere tid til spørsmål og diskusjon etter kvart føredrag. Det er også lagt opp til ein liten pause i mellom kvart føredrag. 

NB! Dersom det blir restriksjonar grunna Covid-19 og vi ikkje kan møtast fysisk, så blir kurset streama. Det er difor viktig at alle som melder seg på kurset har tilgang til PC og god nettilgang. 

1. Historie om Øygarden, skikkar og tradisjon

  • Tidspunkt: 15. april kl. 17.00 til 20.00
  • Stad: Kystmuseet i Øygarden
  • 17.00 - 18.00 Bjørg Christophersen - Kultur og tradisjon i Øygarden
  • 18.00 - 18.30 Film: Varme, ein film som handlar om energihistoria til Øygarden - frå torvtaking, bølgekraft til olje og gass.
  • 19.00 - 20.00 Magne Blom - Naturen og kulturminna, Øygarden

2. Arkeologi og geologi

  • Tidspunkt: 22. april kl. 17.00 til 20.00
  • Stad: Kystmuseet i Øygarden
  • 17.00 - 18.15 Morten Ramstad - Øygarden, eit unikt vindauge til maritim meistring gjennom 11.000 år
  • 18.45 – 20.00 Øystein James Jansen - Glimt frå øygardens geologi - fra Urtid til Istid

3. Forteljarteknikk

  • Tidspunkt: 6. mai kl. 17.00 til 20.00
  • Stad: Nordsjøfartmuseet  
  • Johanne Tvedten - «Det magiske mellomrommet» Møtet mellom forteljar og publikum

4. Historia om Fjell festning og Telavågtragedien

  • Tidspunkt: 12. mai kl. 17.00 til 20.00
  • Stad: Nordsjøfartmuseet  
  • 17.00 – 18.00 Joakim Gusland - Nordsjøfarten og Telavågtragedien
  • 18.00 Filmen om Telavåg
  • 19.00 – 20.00 Ole-Jacob Abraham - Krigsfangane på Fjell festning

5. Fuglar: føredrag og feltarbeid

  • Tidspunkt: 20. mai kl. 17.00 til 20.00
  • Stad: Nordsjøfartmuseet
  • Sangfuglane våre, inspirasjon til ei betre turoppleving - Lars Ågren  

6. Film og tur med avsluttande oppgåve

  • Tidspunkt: 27. mai kl. 17.30 til 20.00
  • Stad: Nordsjøfartmuseet
  • Film: Bli med på dagstur til Øygarden.
  • Avsluttande guidetest: tur i ei turløype med oppgåver til deltakarane
  • Seremoni med utlevering av diplom og øygardskjennar-merke

Pris

Kurset kostar kr. 2000,-.

Smittevern

Alle krav til smittevernrestriksjonar er ivareteken, slik som avstand i lokala, og tilgang på handsprit. Kursdeltakarane blir oppmoda til å bruke munnbind, når avstand ikkje kan oppretthaldast.

Påmelding

Det er plass til maks 20 deltakarar på kurset. 

Kurset vil gje deg ein fagkombinasjon som stettar historieformidling knytt til Øygarden sin historie.
Undervisninga vil føregå seks ettermiddagar, til saman 18 timar.

Påmelding her: Opplev Øygarden - guidekurs